Opna hovudmenyen

Fotballklubben Oslo Øst

HistorieEndra

Klubben vart skipa seinhaustes 1999 og eksisterte som sjølvstendig lag fram til 1. januar 2006. Klubben var eit samarbeidsprosjekt mellom idrettslaga Manglerud Star, Abildsø, Rustad, Oppsal og Hauketo på austsida av Oslo. Klubben spelte i 2. divisjon i 2000 og 2001. Siste året rykte laget opp i 1. divisjon og heldt seg der i 2002 og 2003.

NedgangEndra

I 2003 bar det ned att i 2. divisjon, samtidig som klubben fekk store økonomiske problem. Eit mellombels samarbeid med FC Lyn Oslo berga klubben i 2004, og laget bygde seg sakte opp att og fekk eit slagkraftig lag igjen hausten 2004.

2005-2009Endra

I 2005 vann Oslo Øst såleis si avdeling i 2. divisjon og rykte opp att i Adecco-ligaen, som 1. divisjon no heitte. Men samarbeidet mellom idrettslaga som stod bak denne toppsatsinga skranta, og i 2006 gjekk Oslo Øst inn att i Manglerud Star. Etter 2006 har klubben halde til på Manglerud og spelar no i 2. divisjon. Av kjende spelarar som har bore trøya til Oslo Øst (heilraude drakter) og Manglerud Star (grøne og gule drakter), kan mellom anna nemnast Kenneth Kvalheim (no Moss), Ståle Andersen (no trenar for KFUM), Espen Isaksen (keeper, før Odd og TIL), Aleksander Midtsian (no Bryne), Vadim Demidov (no Rosenborg), Carl Erik Torp (no Kongsvinger) og Tom Reidar Haraldsen (no Bryne). Dei mest profilerte spelarane i Manglerud Star i 2009 har vore Tommy Stenersen (før Stabæk), Kim Larsen (før Tromsø IL), Oliver Risser (no Lyn), Amir Sharif (før Tønsberg) og Stian Nikodemussen (før Randaberg).

KjelderEndra