Oslo katolske bispedømme

Oslo katolske bispedømme er bispedømet for dei som er medlemar av den romersk-katolske kyrkja i dei tretten sørlegaste fylka i Noreg, til og med fylka Sogn og Fjordane, Oppland og Hedmark i nord. Bispedømet grensar i nord til Trondheim katolske stift (med sete i Trondheim), som likeeins er leia av ein biskop, men eigenleg ikkje er å rekne som eit bispedøme.

Sankt Olav domkirke i Oslo.

Oslo katolske bispedømme har sete i Oslo, og katedralen (domkyrkja) for bispedømet er Sankt Olav domkirke i Akersveien 1 på Hammersborg i Oslo.

Sokna og kapelldistrikta i Oslo katolske bispedømme er: Oslo (St. Olav, St. Hallvard), Arendal, Asker og Bærum, Askim, Bergen, Drammen, Fredrikstad, Halden, Hamar, Haugesund, Hønefoss, Jessheim, Kongsvinger, Kristiansand, Larvik, Lillehammer, Lillestrøm, Moss, Porsgrunn, Sandefjord, Stavanger, Tønsberg, Valdres (kapelldistrikt)

Bakgrunnsstoff

endre