Oslo ingeniørhøgskole

(Omdirigert frå Oslo tekniske skole)

Oslo ingeniørhøgskole er ein tidlegare høgskule for ingeniørutdanning. Skolen blei stifta i Christiania i 1873 under namnet Christiania Tekniske skole og hadde lokalar i Kristian IVs gate 8b i Oslo. Skulen fekk eiga bygning i Cort Adelers gate 30 i 1889 teikna av arkitekt Victor Nordan.

Christiania Tekniske Skole i Cort Adelers gate blei teikna av Victor Nordan i 1889-1889.
Foto: Mahlum

Skulen skifta namn fleire gonger og hette: Christiania Tekniske skole 1873 – 1896; Kristiania Tekniske skole 1897 – 1912; Kristiania Tekniske Mellomskole 1912 – 1924; Oslo Tekniske Mellomskole 1924 – 1936; Oslo Tekniske skole 1936 – 1976 og Oslo ingeniørhøgskole 1977 – 1994. Oslo ingeniørhøgskole er ført vidare som Avdeling for ingeniørutdanning (IU) ved Høgskolen i Oslo og Akershus.

Frå 1994 er skulen ein del av Høgskolen i Oslo og Akershus.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre