Oslomarkas Fiskeadministrasjon
Oslomarkas Fiskeadministrasjon, avstytta OFA, vart skipa i 1936 etter initiativ frå foreiningane Arbeidernes Jeger- og Fiskeforening og Oslo Sportsfiskere for å gjere det lettare for ålmenta å drive med sportsfiske i vatna og vassdraga i utmarka ikring Oslo, mellom anna ved å samordne og effektivisere det arbeidet dei lokale jeger- og sportsfiskarforeiningane hadde drive med oppaling og utsetting av fisk i desse vatna.
Oslomarkas Fiskeadministrasjon står no for kultiveringa og tilsynet av fleire enn 400 vatn og vassdrag, inklusive Akerselva, òg har overteke administrasjonen av fiskerettane til desse vatna og elvene. Alle som ynskjer å fiske i desse vatna og vassdraga, må kjøpe seg rett til å fiske ved å skaffe seg fiskekort frå Oslomarkas Fiskeadministrasjon, og er elles pliktig til å rette seg etter dei føresegnene som er fastsett for fisket i dei einskilde vatna og vassdraga. Men born under 18 år treng ikkje fiskekort.
Fiskeadministrasjons arbeid er hovudsakleg finansiert av inntektene ved salet av fiskekort, og ved sal av eigne publikasjonar, særleg ei nyttige bok om kvar og korleis ein kan fiske, kva slags fisk ein kan vente å få, kva slags reiskap det er lovleg å nytte, og anna av interesse for sportsfiskarar, skildra for kvart einskild vatn og vassdrag og illustrert med kartutsnitt. I fleire av vatna og elvane i marka kring Oslo er det drikkevassrestriksjonar, det vil seie at vatnet er drikkevatn for byen, slik at det er forbode å fiske og drive anna aktivitet som kan ureine vatnet eller elva.