Opna hovudmenyen

Akerselva er ei elv som renn frå nord til sør gjennom det sentrale byområdet i Oslo. Elva går frå Maridalsvannet i Nordmarka, der utløpet vert kalla Oset, gjennom bydelane Nordre Aker, Sagene, Grünerløkka, Sentrum og stroket Grønland og renn til slutt ut i Bjørvika ved det nye Munchmuseet. Den siste delen av elva, frå Vaterland til Bjørvika, vart lagt i tunnel (betongkulvert) på 1960-talet. Kulverten er fundament for ei vegbru som krysser jarnbaneområdet som elva renn under. Etter at Operatunnelen under Bjørvika var teke i bruk og det store vegkrysset i fleire plan inst i Bjørvika vart rive, kunne ei strekning av Akerselva mot utløpet i Bjørvika opnast att.

Akerselva
elv
Akerselva Møllerfossene 18jun2005.jpg
Møllerfossene
Land Flag of Norway.svg Noreg
Renn gjennom Oslo
Lengd 8,2 km
Kjelde Maridalsvannet i Nordmarka
 - høgd 149 moh.
Munning Paulsenkaia og Oset i Bjørvika
 - høgd moh.
Wikimedia Commons: Akerselva

Elva vert rekna som ein del av Nordmarkvassdraget, og har vassdragsnummer 006.Z. Heile elva strekkjer seg over 8,2 kilometer, og har eit fall på 149 meter. Akerselva vart tidlegare kalla Frysja.

Innhaldsliste

Vasskraft og industriEndra

Elva gav tidlegare kraft til ei rekkje industriverksemder. Nokre av dei større verksemdene som voks fram med hjelp av kraftinnsprøytingar frå Akerselva var Nydalens Compagnie, Christiania Spigerverk, Bentse Brug, Nedre Vøiens Bomuldsspinderi, Lilleborg Fabriker, Bjølsen Valsemølle, Myrens Verksted og Hjula Bomuldsveveri.

«Akerselva du gamle og grå»Endra

Store delar av 1800- og 1900-talet var elva prega av utslepp frå alle verksemdene som låg langs breddene og elva var ei tid nærast for ein open kloakk å rekne. I 1917 sa dåverande ordførar i Kristiania, Carl Jeppesen: «Elven er blitt en heslig rynke i byens ansikt, mens den burde være et smilebånd», medan Vilhelm Dybwad i 1905 skreiv omkvedet «Akerselva, du gamle og graa!» i revyvisa «Akerselva». Dette hefta lenge ved Akerselva og det har teke lang tid og mykje innsats å få reinska opp, men no vert Akerselva kalla «Oslos grønne lunge», og er omkransa av parkar og turstiar heile vegen frå Grønland og opp til Maridalsvannet.

FiskeelvaEndra

Før forureininga tok overhand var elva ei god fiskeelv, og fram til 1860 vart det drive laksefiske i elva. Frå 1990-åra har det igjen vorte mogleg å fiske laks og aure i dei nedre delane av elva etter utsetjing av fisk. Til tider har likevel utslepp, mellom anna eit klorutslepp frå drikkevassanlegget attmed utløpet frå Maridalsvannet, drepe fisk og anna liv i elva.

LitteraturEndra

  • Moland, Tallak. 2011. Historien om Akerselva : gjennom de siste 400 år. Oslo: Christiania forlag. ISBN 978-82-997321-1-6

BakgrunnsstoffEndra