Opna hovudmenyen

Osmund Andersson Lømsland (2. juli 176526. august 1841) var ein norsk gardbrukar og eidsvollsmann.

Osmund Andersson Lømsland
Fødd 2. juli 1765
Oddernes
Død

25. august 1841

Yrke bonde, politikar

Lømsland vart fødd på garden Mosby, som far hans dreiv, i Oddernes. Frå midt i 1790-åra brukte han garden Vennesland i Oddernes, samt elvefut under fløytinga i Otra. I 1806 kjøpte han garden Lømsland i Tveit, og busette seg der.[1]

Lømsland vart vald som 1. representant til riksforsamlingaEidsvoll i 1814 frå Mandals amt, og røysta der med unionspartiet.[2]

Lømsland døydde på garden sin i Tveit i 1841. På grava hans på kyrkjegarden i Tveit vart reist ein bautastein 17.mai 1914.

KjelderEndra

  1. Kringeland, Willy (18. juli 2000). «EIDSVOLL 1814». Henta 13. februar 2009. 
  2. «Osmund Andersen Lømsland». Eidsvoll 1814. Henta 13. februar 2009.