Osteklokke er ei klokke, eller ein kuppel, til å setja over sterkt luktande ost og til å setja over ost for at han ikkje skal tørka. Osteklokker kan òg forhindra at insekt eller mikroorganismar kan koma til osten.

Osteklokke over ein ost.
Osteklokke i glas frå andre halvdel av 1800-talet.
Foto: Anne-Lise Reinfelt/Norsk Folkemuseum, NF.1968-0237
Osteklokke med fat av keramikk stempla EGERSUND FAYANCEFABRIKS Co. Lengde fat: 22,5 cm.
Foto: Anne.Lise Reinfelt/Norsk Folkemuseum, NF.1966-1113AB.

Osteklokker kan ha rektangulært eller rundt tverrsnitt, og dei har gjerne eit tilhøyrande fat som er tilpassa forma til klokka. Osteklokker kan vera laga av glas, keramikk, metall og i seinare tid òg av plast.

Kjelder endre

Litteratur endre

  • Halvorsen, Josef og Larsen, Kjell Egil (1997): "Gammelt Porsgrund" Klenodier verd å eie. Porsgrunn. ISBN 82-992998-2-9.
  • Østby, Jon Birger (1984): Nomenklatur for melkestell. Med tegninger av Torill Sand. Oslo.

Bakgrunnsstoff endre