Otterbäcken

Koordinatar: 58°57′1.3032″N 14°2′13.538″E Otterbäcken er ein svensk tettstad i Gullspångs kommun i Västra Götalands län i landskapet Västergötland. I 2005 hadde tettstaden 764 innbyggjarar.

På staden er det ei hamn i Vänern. Her er det òg eit bandylag, Otterbäckens Bandyklubb, som lenge har spelt i svensk 1. divisjon.

Dampbåten «Otterbäcken», med Otterbäcken som heimehamn, kolliderte på Vänern natt til 9. september 1900 med lastedamparen «Agnhammar». «Otterbäcken» sokk umiddelbart på ca. fem famners djup, men samtlege av dei 14 personane om bord blei redda. Fartøyet blei seinare redda av bergingsfartøyet «Isbjörn».[1]

KjelderEndra

  1. Hvar 8 Dag, 1. årgang 1900 s.835

BakgrunnsstoffEndra