Ottestad Idrettslag
Ottestad Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande på Ottestad i Stange kommune, stifta 28.mai 1918. Idrettslaget er aktivt med i fotball, handball, langrenn, sykling og volleyball. Tidlegare hadde laget også ei friidrettsgruppe. Laga til Ottestad spelar i gule trøyer og svarte bukser og strømper.
Ottestad IL sitt fotballag for menn har dei seinare åra veksla mellom å delta på nivå fire og fem i seriesystemet. Kvinnelaget deltek i 2019 på nivå tre.
Friidrettsutøvaren Arne Larsen er den mest kjende utøvaren som har vore medlem i Ottestad Idrettslag.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ottestad IL» frå Wikipedia på bokmål, den 1. juli 2019.