Opna hovudmenyen
For Arne Kjell Larsen, sjå Arne Larsen Økland.

Arne Larsen (fødd 7. juli 1909 på Koppang, død 29. mai 1981) var ein norsk langrennar og friidrettsmann kjend som Koppang-Larsen. Han var busett på Hamar og jernbanemann av yrke.[1]

Arne Larsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. juli 1909
Koppang
Død

29. mai 1981

Idrett langrenn, friidrett
Yrke langrennsløpar

Arne Larsen deltok saman med Ragnar Ringstad, Olav Økern og Lars Bergendahl på det norske stafettlaget på 4 x 10 km som tok sylv under VM i 1938 i Lahtis.

Individuelt vann Larsen NM-sylv på 5 000 m og 10 000 m løp i 1938 og 1939, og han tok NM-bronse i terrengløp i 1937 og 1938. Som friidrettsutøvar representerte Larsen idrettslaga Hamar IL i 1937 og Ottestad IL frå 1938.[2] I 1939 blei han tildelt Egebergs Ærespris for innsatsen sin innan skisport og friidrett.

KjelderEndra

Referansar
  1. Aftenposten 7. juli 1969, s. 12: «Koppang-Larsen 60 år»
  2. «Medaljevinnere i norske seniormesterskap». friidrett.no (NFIF). Arkivert frå originalen 2008-06-04. Henta 25. juli 2007.