Otto Morgenstierne

norsk jurist og antroposof

Otto Christopher Von Munthe Af Morgenstierne (4. mars 188429. oktober 1975) var ein norsk jurist og antroposof. Han var ein pioner i arbeidet med å opprette lære- og verneheimar for unge lovbrytarar. Jamsides var han sentral i det tidlege antroposofiske miljøet i Noreg.

Otto Morgenstierne
Fødd4. mars 1884
Christiania
Død29. oktober 1975
Oslo
NasjonalitetNoreg

Liv og gjerning endre

Morgenstierne voks opp i Kristiania og tok eksamen artium i 1902. Han studerte jus ved universitetet i Kristiania og vart cand.jur. 1909, same året fekk han autorisasjon som overrettssakførar. Etter ei tid som sorenskrivarfullmektig, var han 1912-16 sekretær i Justisdepartementet.

Etter ei studiereise i USA i 1912 gav Morgenstierne ut skriftet Grundtrækkene i det amerikanske forbedringssystem. Der hevda han at straffelova må byggje på forbetringsprinsipp, ikkje på å gjere opp for urett. I 1917 presenterte han En plan for behandling av forsømt og forbrydersk ungdom. Her kom han med framlegg om ein oppdragaranstalt for ungdom under 21 år. Anstalten skulle vere mildare enn eit fengsel, strengare enn ein skuleheim. Målsettinga var oppseding. I 1921 kom Lærehjemmet i drift på Bredtvet i dåverande Aker kommune, ein institusjon staten tok ansvaret for etter kort tid.

Morgenstierne praktiserte frå 1923 som overrettssakførar og eigedomsmeklar i Oslo i meir enn 40 år.

I 1918 kom Morgenstierne i kontakt med Det antroposofiske selskap og var sidan oppteken av Rudolf Steiner sin idé om samfunnet delt i tre område: kulturliv (åndsliv), rettsliv (politisk liv) og næringsliv. År 1928 publiserte Morgenstierne skriftet Sann erkjennelse av ånds-virkeligheten. Fem år etter oppretta Morgenstierne 'Eurythmeum, Institutt for Goetheanum-kunst og vitenskap' i Oslo, eit selskap han leidde fram til 1937. Frå 1952 var Morgenstierne sekretær for den norske avdelinga av Det almene antroposofiske selskap.

Kjelder endre