Ousmane Issoufi Maïga
Ousmane Issoufi Maïga (fødd i 1945 nær Gao) er ein malisk politikar, og var statsminister i Mali frå 29. april 2004 til september 2007. Han hadde frå før hatt ymse ministerpostar i tidlegare regjeringar.
Ousmane Issoufi Maïga | |||
Fødd | 1945 (79 år) Gao | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Mali | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | American University Universitetet i Kyiv | ||
Verv | Statsminister i Mali 2004-2007 | ||
Føregangar | Ahmed Mohamed ag Hamani | ||
Etterfylgjar | Modibo Sidibé | ||
Alle verv |
Issoufi studerte økonomi ved universitet i Kiev, då ein del av Sovjetunionen, og ved the American University i Washington DC i USA. Han har arbidd for Verdsbanken og i det franske finansdepartementet.
I 2002 vart han ungdoms- og sportsminister i Mali og var seinare same år ansvarleg for avviklinga av Afrikameisterskapet i fotball i Mali.
Då Amadou Toumani Touré vart president i juni 2002 vart Issoufi finansminister, seinare same år samferdselsminister. Han vart utnemnd til statsminister 29. april 2004.