Outi Borgenström

Outi Päivikki Borgenström (fødd 24. januar 1956) er ein finsk tidlegare orienteringsløpar frå Tampere. Ho vart nordisk meister i 1977 og verdsmeister i 1979. I 1978 sprang ho den fyrste etappen for det finske sigerslaget i VM-stafetten.

Outi Borgenström
Statsborgarskap Finland
Fødd 24. januar 1956 (68 år)
Tammerfors
Idrett orientering

Borgenstrøm høyrde til verdseliten i orientering frå 1974 til 1983. Omframt dei tre topp-plasseringane i verdsmeisterskap og nordisk meisterskap, vann ho to sølvmedaljar i nordiske meisterskap og to stafett-sølv i verdsmeisterskap, samt ein VM-bronse individuelt. Høgdepunktet kom då ho i 1979 på finsk heimegrunn vart verdsmeister framom landskvinna Liisa Veijalainen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre