Liisa Veijalainen
Liisa Kaarina Veijalainen (fødd 4. april 1951) er ein finsk tidlegare orienteringsløpar frå Piikkiö i Egentliga Finland. Ho vart verdsmeister i 1976 og kom på andreplass i 1978 og i 1979. I VM 1972, 1978 og 1979 deltok ho på Finlands gull-lag i VM-stafett. I 1980 vart ho nordisk meister.
Liisa Veijalainen | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 4. april 1951 (73 år) Pikis |
Idrett | orientering |
Veijalianen var ankerkvinne på det finske stafettlaget som i VM 1972 i Tsjekkoslovakia slo Sverige med 10 sekund i kampen om gullmedaljen. Etter andreplass i nordisk meisterskap 1975, vann ho gullmedaljen under verdsmeisterskapen 1976 i Aviemore i Skottland. Under VM 1978 på Kongsberg vart ho nummer 2 i den individuelle tevlinga, før det vart gull i stafetten. Året etter kopierte ho desse plasseringane då VM fann stad i heimlandet. I 1980 vart Veijalainen nordisk meister i svenske Borlänge.
Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Liisa Veijalainen» frå Wikipedia på engelsk, den 29. juni 2023.