Ozma-prosjektet
Ozma-prosjektet er eit pionerprosjekt i søking etter intelligent liv i verdsrommet (ekstraterrestrisk intelligens). Det 26 meter store radioteleskopet ved Green Bank i Vest-Virginia i USA, vart i 1960 brukt av astronomen Frank Drake til 100 timar søking i eit mislykka forsøk på å oppdage 21-cm stråling frå andre sivilisasjonar. Målet var dei to nærmaste solliknande stjernene Tau Ceti og Epsilon Eridani. I tidsrommet 1973–1976 vart 600 av dei nærmaste stjernene avsøkt, framleis med negativt resultat.
Sjå òg
endreKjelder
endre- «Ozma Prosjektet», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014