Opna hovudmenyen

Verdsrommet

(tom)rommet mellom himmellekamar
Grensa mellom jordatmosfæren og verdsrommet

Verdsrommet eller det ytre rommet er den delen av universet som ligg utanfor atmosfæren til jorda[1] og mellom himmellekamar. Verdsrommet er ikkje heilt tomt, men likner eit vakuum ved at det har ein særs låg partikkeltettleik. I det ytre verdsrommet er trykket ca. 10−14 pascal, kring 10 molekyl per milliliter.[2] Av partiklar finn ein hovudsakleg hydrogen og helium i plasmaform, nøytrinoar og kosmisk støv, i tillegg til elektromagnetisk stråling, magnetfelt og kosmisk stråling.

KjelderEndra

  1. Evans, Anna Kathinka Dalland (2017-12-15). «verdensrommet». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. Pedersen, Bjørn (2019-01-29). «vakuum». Store norske leksikon (på norsk). 
  Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.