Pärnuelva
Pärnu (estisk Pärnu jõgi) er ei elv i Estland. Ho er den nest lengste elva i Estland med ei lengd på 144 km. Ho har sitt utspring sentralt i Estland nær landsbyen Roosna-Alliku. Elva renn frå her vestover mot byen Pärnu, som har gjeve namn til elva, før ho munnar ut i Rigabukta og Austersjøen.
Pärnu | |||
elv | |||
Pärnu ved Lüüste.
| |||
Land | Estland, Latvia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 6 920 km² | ||
Lengd | 144 km | ||
Kjelde | Den sentrale estiske sletta | ||
• høgd | 76 moh. | ||
Munning | Rigabukta | ||
Pärnuelva 59°01′35″N 25°41′48″E / 59.02629°N 25.69664°E | |||
Wikimedia Commons: Pärnu River |
Elva har fleire sideelvar, mellom anna Lintsi, Käru, Vändra og Sauga frå høgre, og Navesti og Reiu frå venstre.