Påskespel er ei dramatisk framføring knytt til påskesoga. Slike spel kan framførast i eller ved ei kyrkje, utandørs, ved skular og liknande.[1][2]

Påskespel i Garywood Assembly of God, ei kyrkje i Alabama.

Dramatiske framsyningar knytte til påskesoga var gjerne ein del av gudstenestene i påsken frå mellomalderen av. Dei kunne vera korte scenar frå soga framførte under liturgien, men utvikla seg til å bli meir detaljerte, med større persongalleri. Etterkvart blei dei for omfattande til å høva som del av ei gudsteneste, og blei i staden framførte som mysteriespel utanfor kyrkja.[3]

Pasjonsspel er ein type påskespel. Mest kjent er pasjonsspelet i Oberammergau.

Kjelder endre

  1. Antonsen, David E. (3. april 2009), «Påskespel i Brandsøy», Firdaposten (på norsk), henta 12. mars 2024 
  2. «Vil fremje påska som ei kristen høgtid», Kristelig Pressekontor (på norsk), henta 12. mars 2024 
  3. «CATHOLIC ENCYCLOPEDIA: Passion Plays», www.newadvent.org, henta 11. mars 2024