Mysteriespel og mirakelspel er blant dei tidlegaste formelt utvikla teaterspela i Europa i mellomalderen. Mysteriespela frå mellomalderen fokuserte på forteljingar frå Bibelen og blei framførte i kyrkjene og på offentlege stadar av amatørar. Hendingane kring påskeveka var eit vanleg tema med ei undergruppe kalla for påskespel eller pasjonsspel, men ein kunne òg framstilla andre bibelske forteljingar. Typisk døme er Adamsspelet.

Mysteriespel i York.
Framføring av eit pasjonsspel i dagens Polen.

Spela blei utvikla frå 900-talet og fram til 1500-talet, og nådde eit høgdepunkt i popularitet på 1400-talet før dei blei forelda gjennom framvoksteren av profesjonelt teater. Mange stader i Nord-Europa blei mysteriespel forbodne etter reformasjonen på 1500-talet. Eit velkjent pasjonspel som enno blir framført er Oberammergau i Tyskland. I Storbritannia er det i dag relativt vanleg med moderne rekonstruksjonar av gamle spel.

Opphav endre

I antikken var drama eit eige omgrep, og det oppstod igjen i renessansen. Kyrkja tok kontroll over teateret i mellomalderen før framstillinga blei teken ut av kyrkja og i gatene og på offentlege plassar. Omgrepet «spel» var det same for teater, leik og idrett, og spela var fleksible og folkelege i struktur. Dramaturgien var ikkje formalisert slik det er skildra hos Aristoteles og Horats med skilje mellom tragedie og komedie.

Teaterframføringane hadde opphav som enkle tropar, biletlege uttrykk og utbroderingar av liturgiske tekstar, og blei etterkvart stadig meir utvida. Etterkvart som desse liturgiske dramaa blei stadig meir populære oppstod det framstillingar på morsmålet med reisande skodespelarselskap og teaterframstillingar som blei organiserte av lokalsamfunn.

Quem Quæritis er det best kjende av dei tidlegaste formene for drama, ein dramatisert liturgisk dialog mellom ein engel ved grava til Kristus og kvinna som søker han. Desse primitive formene blei seinare vidareutvikla med dialog og dramatisk handling. Til slutt flytta dramaa seg frå inne i kyrkja til utandørs på offentlege plassar. Dei tidlegaste framføringane var på latin, slik som liturgien i kyrkja, og blei følgd av ein prolog framført av ein herold eller utropar som gav eit samandrag av handlinga.

I 1210 la paven ned forbod mot at prestestanden skulle opptre offentleg. Då blei organiseringa av dramaa teken over av bylauga, og det blei gjort fleire endringar i framføringa. Morsmålet erstatta latinen og det blei lagt til avsnitt som ikkje kom frå Bibelen og komiske scener. Dramatiseringa og karakteriseringa blei meir utpensla og utvikla.

Desse religiøse førestillingane på morsmålet blei i nokre av dei større byane i England, som York, sett opp og framført av lauga. Kvart laug hadde ansvar for ein bestemt episode eller stykke i den bibelske historia. Frå kontrollen til lauga fekk desse fremføringene namnet mysteriespel eller ganske enkelt mysterium, frå latin mysterium i tydinga handverk eller relatert til lauga. Tydinga som mysterium har eller blir forstått med i dag er knytt til mystikk, det vil seia den religiøse sanninga via guddommeleg openberring, Guds mystiske tilstadevere.


Mysteriespill blei nokre stader utvikla til ein serie av skodespel som handla om alle dei viktigaste hendingane i den kristne kalenderen frå skapinga til dommedag. På slutten av 1400-talet blei desse stykka sett opp i syklusar på festivaldager slik som Kristi lekamsfest fleire stadar i Europa. Kvart stykke blei framført på ei dekorert vogn kalla skodespelvogn eller praktopptog (vandreteater) som flytta seg rundt i byen for at ulike tilskodarar skulle kunna sjå kvart stykke. Heile syklusen kunne ta opp til tjue timar å framføra og kunne spreiast over ei rekkje dagar. Sett som ein heilskap kunne desse omtalast som Corpus Christi-syklusane.

Stykka blei framførte av ein kombinasjon av profesjonelle skodespelarar og amatørar. Dei var skrivne i særs utpensla verseformer, ofte prega av fargesprakande scener og spesialeffektar, men kunne òg vera nakne og intime. Variasjonane i teatralske og poetiske stilar, sjølv innanfor ein enkelt syklus av stykke, kunne vera stor.

Innhaldsmessig blei den tragiske myten erstatta av pasjonen med biletet av den lidande Kristus. Mysteriespela handla om ein «tragedie» der Jesu Kristi liding og død blei presentert, men òg ein «heilag komedie» om Jesu offer og liding som frelse for mennesket. Innanfor detta var det ein «katarsis» – å sleppa synd gjennom frelsa. Dialogen blei framført gjennom vers og respons (kor) og fellessong. Miming fungerte i gestar hjå dei som feira (Jesu oppstandelse) og i seremonielle rørsler hjå prestane.

Det er ikkje mogleg å sjå dramaturgien ut frå tekstanalyse lausriven frå praksis. Scenisk utforming eller spelpraksis må ein sjå i samanheng med teksten. Dramatiske strukturar er knytte til dei mange verkemidla til førestillinga og korleis det utgjer ein heilskap.

I seinmellomalderen utvikla det seg nye teaterformer. Moralspela (moralitetane) blei spesielt populære, med Spelet om Kvarmann som det fremste dømet. I staden for å ta for seg forteljingar frå Bibelen, som mysteriespela, eller helgenar, som mirakelspela, handlar moralspel om dei åndelege vanskane til vanlege folk.

Dagens mysteriespel og mirakelspel endre

I dag spelar ein mellomalderspel blant anna i desse samanhengane:

  • I verna mellomalderborger som del av underhaldning og informasjon til turistar.
  • Mysteriespel og pasjonsspel har i dag òg til dels blitt flytte tilbake til kyrkjene der dei i si tid kom frå, som i Stavanger, Bergen og andre stadar, med Pasjon i Stavanger domkyrkje som eit døme. Nyoppsetningar kan vera bygde på gamle pasjonsspel og anna.
  • Som del av ungdomskulturen – til dømes «laiv» (òg kalla «rollespel»).
  • Som dramapedagogisk del av historieundervising i skulen.
  • Det meste kjende pasjonsspelet i moderne tid er truleg rockeoperaen Jesus Christ Superstar.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Litteratur endre

  • Nygaard, Jon: Teatrets historie i Europa. Del 1: Teatret før 1750. Det offisielle og det uoffisielle teatret. Spillerom 1992 (side 88-123).
  • Rønneberg Rygg, Maja Lise: All verden er en scene 1. Gyldendal 1995 (side 66-68)