Përrallë
«Përrallë» (Eventyr) er ein song av Eneda Tarifa. Songen er skriven av Olsa Toqi.
«Fairytale» | |||||
---|---|---|---|---|---|
Eurovision Song Contest 2016 | |||||
Land | Albania | ||||
Artist(ar) | Eneda Tarifa | ||||
Språk | Engelsk | ||||
Komponist(ar) | Olsa Toqi | ||||
Låtskrivar(ar) | Olsa Toqi | ||||
Resultat | |||||
Albania i Eurovision Song Contest | |||||
|
Eurovision
endreFestivali i Këngës 54
endre16. oktober 2015 vart «Përrallë» annonsert av Radio Televizioni Shqiptar som eit av bidraga i Festivali i Këngës 54, den albanske uttakinga til Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm i Sverige.[1] Bidraga vart gjort offentlege på nettstaden til kringkasteren 4. desember 2015.[2] Bidraget deltok i den andre semifinalen, og gjekk vidare til finalen, der «Përrallë» stakk av med sigeren. Eneda Tarifa framførte bidraget på albansk, med tekst og melodi av Olsa Toqi.
Eurovision Song Contest 2016
endreSigeren i Festivali i Këngës 54 sikra «Përrallë» retten til å vere det albanske bidraget i Eurovision Song Contest 2016. Tarifa ville endre teksten til engelsk, og Olsa Toqi skreiv ein ny engelsk tekst som fekk tittelen «Fairytale Love». Tittelen vart seinare endra til «Fairytale». Bidraget vil delteke i den andre semifinalen.[3]
Fotnotar
endre- ↑ «Albania: National final entries presented» (på engelsk). Eurovision.tv. 16. oktober 2015. Henta 22. mars 2016.
- ↑ «Albania: Festivali I Këngës 54 songs released» (på engelsk). ESCToday. 4. desember 2015. Henta 22. mars 2016.
- ↑ «Semi-Final draw held, this is the outcome» (på engelsk). Eurovision.tv. 25. januar 2016. Henta 22. mars 2016.