P-type-asteroide
P-type-asteroidar har låg albedo og eit raudleg spektrum utan spesielle trekk. Det er føreslått at dei har ein samansetning av organisk-rike silikat, karbon og anhydrerte (vasslause) silikat, kanskje også med vassis i det indre. P-type-asteroidar finst i det ytre av asteroidebeltet og utover.