Paar er ei elv i Bayern i Tyskland, og ei av sideelvane til Donau frå høgre, og er dermed ein del av tilsigsområdet til Svartehavet. Ho er 134 km lang og i fleire kilometer renn ho parallelt til elva Lech, berre eit par kilometer frå kvarandre. Nær Augsburg renn Paar ut av Lechdalen og snur nordaustover mot Ingolstadt. Ho munnar ut i Donau nær Vohburg. Byar langs Paar er Egling, Mering, Aichach, Schrobenhausen og Manching.

Paar
elv
Paar bei Ottmaring 3.jpg
Paar nær Ottmaring
Land Flag of Germany.svg Tyskland
Lengd 134 km
Kjelde Oberbayern
Munning Donau

Paar
48°46′24″ N 11°36′54″ E
Wikimedia Commons: Paar

KjeldeEndra