Pabaigh Mòr
Pabay Mòr eller Pabaigh Mòr er ei folketom øy i Ytre Hebridane i Skottland.
Pabaigh Mòr | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 58°14′N 6°56′W / 58.23°N 6.94°W |
Øygruppe | Ytre Hebridane
|
Areal | 1,01 km²
|
Høgaste punkt | Beinn Mhòr (68 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Ytre Hebridane
|
Demografi | |
Folketal | 0
|
Historie
endreØynamnet kjem frå papey, eit norrønt namn som tyder «paparøya», papar var namnet på ei gruppe irske og skotske munkar. Ruinane av ei St. Peterskyrkje og ein gravplass ligg søraust på øya rundt Loch na Teampall («tempelsjøen») og søraust for denne fjorden ligg Cnoc na Cille («munkecelleåsen»).
Øya var knytt til MacLeod-klanen gjennom det meste av historia.[1]
Sersjant Evander MacIver fekk øya som pensjonsgåve frå Seaforth Regiment i 1800, men 27 år seinare vart familien hans offer for Highland clearances og etterkomarane hans flytte til Lewis. Det vert sagt at grunnleggaren av reiarlaget Cunard Line slekta til denne familien.[1]
Den noverande eigaren har restaurert eit par svarthus på øya, men ho har ikkje fast busetnad.
Geografi og geologi
endrePabaigh Mòr ligg vest for Lewis i West Loch Roag, nord for Vacsay. Øya består av lewisgneis med eit lett jordsmonn. Her finst mange grotter og naturlege bogar. I nord ligg øya Pabay Beag.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pabaigh Mòr» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1-84195-454-3.