Pachino
kommune i Italia
Pachino er ein by og ein kommune i provinsen Siracusa i regionen Sicilia i Italia. Kommunen har 22 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 50,5 km². Byen Pachino, som vart grunnlagd i 1758, ligg 53 km sørvest for provinshovudstaden Siracusa.
Folk i Pachino arbeider i hovudsak i landbruksnæringar som vinproduksjon og tomatdyrking (Pomodoro di Pachino), samt fiskeri i landsbyen Marzamemi.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pachino» frå Wikipedia på tysk, den 16. september 2014.