Tomat
Tomat
Tomat
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Solanales
Familie: Søtvierfamilien Solanaceae
Underfamilie: Solanoideae
Stamme: Solaneae
Slekt: Søtvierslekta Solanum
Art: Tomat S. lycopersicum
Vitskapleg namn
Solanum lycopersicum

Tomat (Solanum lycopersicum) er ein matplante med opphav i Sør-Amerika som er spreidd til heile verda på grunn av frukta si. Tomatfrukta, typisk brukt som grønsak, finst i dag i mange storleikar, fargar og fasongar, og blir eten direkte og brukt i matlaging, rå eller tilverka på ulike måtar.

Ein heil tomat sett ovanfrå og tomat skoren på langs og på tvers.

Skildring endre

Tomtaplantar er tofrøblada ranker som kan danna ein busk eller danna ein lengre stengel. Stengelplanten kan bli over 180 cm høge om han blir støtta opp, men heile stengelen når gjerne ei leng på 7 meter i Noreg. Plantane er ofte eittårige, men nokre kan leva lengre i gunstige tilhøve. Rankene har ofte «hår» som kan omdannast til røter om dei får bakkekontakt og fukt.

Mange av blomane er sjølvpollinerande, som mange andre plantar frå Amerika, som ikkje hadde honningbier før desse blei innført frå Europa, men andre blir pollinert ved annan hjelp utanfrå. Tomaten er eit bær med væskefylte hólrom fylte med frø. Mindre tomatar har gjerne to hólrom medan større typar kan ha fleire.

Det er dyrka fram fleire typar tomatar, mellom anna dei svært store bifftomatane og mindre plommetomatar eller cherrytomatar. Medan mogne tomatar typisk er kjende som raudlege på farge, finst det også gule, oransje, svarte, brune, lilla, rosa og kvite frukter.

Tomat har høgt innhald av A- og C-vitamin og inneheld mykje lykopen, eit stoff som kan hemma nokre typar kreft. Varmebehandling av tomatane gjev høgare lykopeninnhald. Lykopen gjev mange mogne tomatar raudfarge, medan karoten gjev frukta oransjefarge tidlegare i utviklinga.

Bruk endre

Tomat blir brukt i salat, sausar og supper. Han er mellom anna ein hovudingrediens i salsasaus, ketsjup, pizza og gazpacho.

 
Tomatskildring frå 1590.

Soge endre

 
Ulike gamle tomatslag.

Opphavet til dagens tomat, ein plante med små, grøne frukter, voks først i høglandet i Inkariket (noverande Peru). Planten blei innført til Aztekarriket (noverande Mexico) der han blei dyrka i stor stil og kajne under namnet xitomatl, eit nahuatlord som tyder 'rund ting med navle'. Andre mesoamerikanske folk kalla han tomati. Europeiske oppdagarar tok han med seg til Europa rundt 1500, der han mellom anna blei nemnd som poma aurea eller pomo d’oro, 'gyllent eple', eller variasjonar over 'tomat'. Tomaten voks godt i middelhavsklima, og blei først brukt til pynt, men var vanleg brukt i spansk matlaging frå 1600-talet. Spanjolane innførte han også til Filippinane, og tomaten spreidde seg derfrå til Søraust-Asia og resten av verdsdelen. Sjølv om tomaten blei eten elles i Europa, meinte briten John Gerard, som gav ut ei urtehandbok i 1597, at han var giftig. Det tok derfor lenge før britar og britiske nordamerikanarar tok i bruk grønsaken.

Carl von Linné plasserte tomaten i slekta Solanum i 1753 og kalla han Solanum lycopersicum (Lyco tyder 'ulv' og persicum 'fersken'). I 1768 blei han omplassert til ei eiga slekt og gjeve namnet Lycopersicon esculentum, som ikkje følgde botaniske namngjevingsreglar. I 1881 fekk han det teknisk rette namnet Lycopersicon lycopersicum, men dette blei ikkje teke i bruk, og L. esculentum blei godteke som botanisk namn. Nyare genetisk forsking har likevel vist at Linné hadde rett då han plasserte tomaten i Solanum-slekta.

Tomaten kom først til Noreg i 1855, då han blei vist fram på ei utstilling i Christiania. I 1890 byrja ein med tomatdyrking ved Thorstein Bryne sin planteskule i Stavanger. I 1928 tok ein til med dyrking i veksthusFinnøy, og frå 1932 i oppvarma drivhus.

Dyrking endre

 
Tomatar i veksthus.
Tomatproduksjon i 2007
i tonn (Kjelde: FAO)[1]
  33 645 000
  11 500 000
  9 919 673
  8 585 800
  7 550 000
Totalt 126 246 708

I 2008 blei det dyrka 125 millionar tonn tomatar i heile verda. Den største produsenten var Kina.

I Noreg er tomaten blitt svært populær, og i 2008 åt kvar nordmann i snitt 7 kg. Landet er i dag nesten sjølvforsynt med tomatar, men må særleg importera om vinteren. Dei norske tomatane blir dyrka i veksthus, 80-85 % av dei i Rogaland.


Galleri endre

Kjelder endre

  1. faostat.fao.org

Bakgrunnsstoff endre