Pagani i Salerno

kommune i Italia
(Omdirigert frå Pagani)

Pagani er ein by og ein kommune i provinsen Salerno i regionen Campania i Italia. Kommunen har 36 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 12 km². Pagani ligg 15 kilometer vest for provinshovudstaden Salerno.

Utsyn over Pagani, med Vesuv i bakgrunnen

Byen er mest kjend for festen til ære for Madonna del Carmine, og som årleg vert halden fyrste søndag etter påske. Frå heile Italia kjem turistar for å delta i feiringa og for å be til helgenen.

Pagani er elles eit mål for pilegrimar som ærar helgenen Alfonso dei Liguori, grunnleggjaren av rørsla redemptoristane, som frå 1775 til han døydde i 1787 budde her. Leivningane etter han vert oppbevart i kyrkja Basilica Sant’Alfonso i Pagani.

KjelderEndra