Vesuv (italiensk Monte Vesuvio, latin Mons Vesuvius) er ein vulkan aust for Napoli i Italia. Han er den einaste aktive vulkanen på det europeiske fastlandet, men har ikkje hatt nokon større utbrot sidan 1944. Dei to andre aktive vulkanane i Italia (Etna og Stromboli) ligg på øyar.

Vesuv
vulkan
Land  Italia
Område Ved Napoli
Vulkantype Stratovulkan
Høgd 1 281 moh.
Siste utbrot 1944
Koordinatar 40°49′18″N 14°25′30″E / 40.82167°N 14.42500°E / 40.82167; 14.42500
Kart
Vesuv
40°49′17″N 14°25′32″E / 40.821388888889°N 14.425555555556°E / 40.821388888889; 14.425555555556
Wikimedia Commons: Mount Vesuvius
I.C. Dahl: Frå Vesuv sitt utbrot i 1826.

Vesuv ligg ved kysten av Napolibukta, om lag 9 km aust for Napoli. Han er godt synleg i landskapet rundt bukta. Vulkanen er best kjend for utbrotet sitt i år 79 e.Kr., som dekte byane Pompeii og Herculaneum. Han har hatt mange utbrot sidan den gong og vert i dag rekna som ein av dei farlegaste vulkanane i verda sidan 3 millionar menneske i dag lever nær vulkanen, som oftast har hatt eksplosive utbrot, ein av dei aller farlegaste typane vulkanutbrot. Av den grunn er Vesuv ein av seksten dekadevulkanar i verda, som er vulkanar som vert ekstra nøye overvaka på grunn av tidlegare store utbrot og plasseringa nær folkesette område.

Form og geologi endre

Vesuv er ein del av den campianske vulkanbogen, som omfattar ei rekke vulkanar, utdøydde og aktive, i regionen Campania i det sørlege Italia.

Vesuv nasjonalpark måler 10 000 m² og er den minste i Italia. Han vart offisielt opna i 1995 for å verne om den historiske og kulturelle arva i området.

Utbrot endre

Vulkanen var truleg ikkje aktiv i perioden 800 fvt. — år 79 evt. og skal ha vore 2 000 meter høg. «Fjellet» var i denne perioden dekt med vegetasjon.

I år 79 gjorde eit utbrot at husa og innbyggjarane i dei blomstrande byane Pompeii og Herculaneum vart gravlagt i oske og stein. Ei røyksky skal ha strekt seg 32 kilometer opp i vêret. Utbrotet er skildra av Plinius den yngre i to brev som er datert til år 108 og i nokre vers skrive av poeten Martial i år 88. Valdsame vulkanutbrot blir i dag kalla «plinianske utbrot», etter namn frå historikaren Plinius.

Eit anna utbrot fann stad i 512. Teoderik den store fritok folk i området for skatt etter dette utbrotet. Vulkanen hadde fleire utbrot seinare i mellomalderen.

Eit kraftig utbrot fann òg stad i 1631. I dette utbrotet omkom 3000 menneske.

Seinare utbrot som var særleg kraftige var dei i 1872 og 1906. Deretter følgde ein periode med vulkansk aktivitet innover på 1900-talet. Det siste større utbrotet til no hadde Vesuv 18. mars 1944, som var eit svært uheldig tidspunkt sidan landet var i krig.

Forskarar reknar det på ingen måte for utelukka at eit nytt kraftig utbrot kan finne stad og råke mange busetnadar i området rundt.[1]

Kultur endre

I oldtida vart Vesuv sett på som eit fjell som tileigna Hercules.

Vulkanen er òg kjend som bustaden til Magica frå Tryll, ein Disney-figur som er kjend for å jakte på Skrue McDucks lykketiøring.

Fotnotar endre