Pakistansk rupi
Rupi er mynteininga i Pakistan. ISO 4217-koden for pakistansk rupi er PKR. I mars 2010 var 100 pakistanske rupi verdt 6,996 norske kroner.
Ein rupi blei tidlegare delt inn i 100 paisa. Før innføringa av desimalsystemet i 1961 blei han delt inn i 16 anna som kvar kunne delast i 4 pice eller 12 pie.
Rupi er også mynteininga i India, Sri Lanka, Mauritius og på Seychellane.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pakistani rupee» frå Wikipedia på engelsk den 18. mars 2010.
- Valutakursar ved Norges Bank Arkivert 2010-12-29 ved Wayback Machine.Denne økonomiartikkelen som har med Pakistan å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.