Palandöken
Palandöken er eit 3271 moh. høgt fjell i provinsen Erzurum i Tyrkia. Toppen ligg berre 10 km frå sentrum av Erzurum, som sjølv ligg 1950 meter over havet.
Palandöken | |||
fjell | |||
Palandöken i august 2009, sett frå sentrum av Erzurum
| |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Provins | Erzurum | ||
Høgd | 3 271 moh. | ||
Koordinatar | 39°50′56″N 41°17′03″E / 39.84889°N 41.28417°E | ||
Palandöken 39°50′56″N 41°17′03″E / 39.848888888889°N 41.284166666667°E | |||
Kart som viser Palandöken.
| |||
Wikimedia Commons: Palandöken Mountain |
På vegen frå Erzurum til toppen ligg Palandöken skisenter ved fjellandsbyen Başköy, 2100 moh, og kring 4 km frå sentrum. Skiløypene er dei lengste i Tyrkia og på grunn av snøkvaliteten, dei bratte henga og dei lange løypene , er Palandoken kjend som det beste fjellet i Tyrkia for dyktige skirennarar. Den vanskelegaste løypa ligg på baksida av fjellet og vert kalla Ejder, tyrkisk for drake. På grunn av tåke og snørasfare er Ejderheisane og løypene stundom lukka. Skisesongen her byrjar stundom i november og varer stundom heilt til juni. I dag er det i alt åtte heisar i anlegget.
Eit nytt skisenter er bygd nær fjellandsbyen Konaklı, kring 18 km frå byen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Palandöken Mountain» frå Wikipedia på engelsk, den 9. august 2012.