Erzurum (vert òg kalla Erzerum, Arzrum; Arzen i antikken; Karin (Կարին) eller Garinarmensk; Theodosiupolis eller Theodosiopolis i Bysants) er ein by aust i Tyrkia. Han er den største byen og det administrative senteret i provinsen Erzurum. Byen ligg 1757 meter over havet og har kring 370 000 innbyggjarar. Namnet kjem frå persisk Arz-e Rum, «Romas grense». Byen har vore eit handelssenter i hundreår og var ein av stasjonene langs Silkevegen. Byen si historie går tilbake til heilt frå 4000 fvt.

Erzurum
by
Erzurum
Land  Tyrkia
Region Aust-Anatolia
Provins Erzurum
Høgd 1 900 moh.
Koordinatar 39°54′ N 41°16′ E
Folketal 367 250
Borgarmeister Ahmet Küçükler
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Kart
Erzurum
39°54′35″ N 41°16′32″ E
Wikimedia Commons: Erzurum
Nettstad: www.erzurum-bld.gov.tr

Under den kalde krigen låg den søraustlege flybasen til NATO i Erzurum, som hadde kallenamnet «The Rock».

Byen hadde ein stor armensk folkesetnad fram til folkemordet på armenarane under første verdskrigen.

Erzurum arrangerte vinter-Universiaden i 2011. I samband med dette vart den første store hoppbakken i Tyrkia bygd.[1][2]

Klima Endra

Erzurum har eit fuktig kontinentalklima (Köppen si klimaklassifisering Dfb). Sommaren er kort, med særs varme dagar og kjølige netter. Maksimumstemperaturen i august er kring 28 ºC. Varmerekorden er 36,5 °C (97.7°F), den 31. juli 2000. Vintrane er særs kalde med ein normal minimumstemperatur i januar kring -16 °C. Temperaturen når som regel under -30 °C kvart år. Kulderekorden for byen er -37,2 °C, den 28. desember 2002.

Klimadata for Erzurum
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 7.7 9.6 21.4 26.5 27.2 31.0 35.6 36.5 33.3 27.0 17.8 14.0 36,5
Normal maks. temp. °C -4.4 -2.5 3.0 11.5 16.9 22.0 26.9 27.6 23.1 15.4 6.5 -1.3 12,06
Normal min. temp. °C -15.5 -14.1 -7.6 -0.3 3.5 6.5 10.4 10.2 5.1 0.7 -5.1 -11.5 −15,5
Kulderekord °C -36.0 -37.0 -33.2 -22.4 -7.1 -5.6 -1.8 -1.1 -6.8 -14.1 -34.3 -37.2 −37,2
Nedbør (mm) 19.4 22.9 31.8 53.9 67.2 43.2 26.3 15.5 21.1 47.1 32.6 21.6

relativ fukt 79 78 76 67 62 58 52 48 49 64 74 80 65,6
Normal mengd regndagar 11.7 11.4 13.0 14.7 16.9 10.8 6.4 5.4 4.6 10.5 9.9 11.2 126,5
Normal mengd snødagar 12 12 12 5 1 0 0 0 0 1 6 12 61
Normale månadlege solskinstimar 93.0 109.2 151.9 180.0 241.8 303.0 344.1 331.7 267.0 204.6 132.0 86.8 2 445,1
Kjelde nr. 1: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [1]
Kjelde nr. 2: Weather2 [2]

Kjelder Endra