Palestinakomiteen

Palestinakomiteen er ein sjølvstendig og partipolitisk uavhengig organisasjon som driv solidaritetsarbeid med det palestinske folket. Hovudsakleg vert dette drive som opinionsarbeid i Noreg, men komiteen har òg drive mykje helsearbeid blant palestinarane, fyrst og fremst i flyktningleirane i Libanon.

Palestinakomiteen

Typeforening/lag/innretning
Org.nummer984688172
Skipa31. desember 1970
HovudkontorOslo
Medlemmer6 921
Nettstadhttps://palestinakomiteen.no Sjå dette på Wikidata
Palestinakomiteen demonstrerer foran Stortinget.

Palestinakomiteen vart skipa 29. september 1970, og den fyrste leiaren var Finn Sjue. Leiar frå 2004 til 2008 var soknepresten Øyvind Sagedal. Palestinakomiteen driv ein eigen butikk, Al Quds Palestinabutikken, i Oslo. Organisasjonen er tilslutta paraplyen Fellesutvalget for Palestina, som har hovudkontor i Oslo.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Palestinakomiteen