Paolo Macchiarini
Paolo Macchiarini (fødd 22. august 1958 i Basel i Sveits) er ein italiensk forskar i regenerativ medisin som var tilsett som gjesteprofessor ved Karolinska Institutet i Stockholm til og med 30. november 2016.[1] Han arbeider òg som sjeflege på universitetskliniken Careggi i Firenze.
Paolo Macchiarini | |||
Fødd | 22. august 1958 Basel | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Italia | ||
Yrke | kirurg | ||
Institusjonar | Karolinska Institutet Kuban State Medical University | ||
Alma mater | Universitetet i Pisa |
Macchiarini har arbeidd med avansert luftvegskirurgi og transplantasjonar med kunstige organ og han har fått internasjonal merksemd for å ha gjort luftrøyrtransplantasjoner frå avlidne donorar. Han vart rekruttert i 2010 til Karolinska Institutet for å utvikla laboratorieproduserte organ. I 2011 gjorde han den første transplantasjonen i verda av eit kunstig luftrøyr på ein pasient i Huddinge. Operasjonen var ikkje vellukka, og med store komplikasjonar, men Paolo Macchiarini fekk likevel halda fram med praksisen.
I juni 2012 gjorde Macchiarini implantasjon av eit kunstig luftrøyr på ei ung russisk kvinne, Julia Tuulik, etter ei ulukke - i Krasnodar Regional Clinical Hospital. I oktober 2013 døde pasienten. Mor til Julia Tuulik rapporterte at dottera sin død var svært smertefull, og fleire meinte at det ikkje var naudsynt med eit kunstig luftrøyr i dette høvet.
Granskingar
endreEtter at Macchiarini vart meld til politiet for forskingssvindel, tilsette Karolinska institutet våren 2015 ein ekstern granskar av Macchiarini i form av professor emeritus Bengt Gerdin frå Uppsala. Gerdin kom i mai 2015 fram til at denne gjort seg skuldig til omfattande svindel i forskning.[2] I sin slutning i august 2015 valde likevel Karolinska institutet og rektor Anders Hamsten å frigjere Macchiarini frå anklagelsane, etter at Macchiarin hadde sendt inn meir dokumentasjon.[3] Denne slutninga fekk kritikk frå både Vetenskapsrådet og frå Gerdin, som spurte kvifor dokumentasjonen i så fall ikkje vart overlevert honom i samband med granskningen.[4].
Vidare gransking
endreLäkemedelsverket i Sverige ved Inspektionen för vård och omsorg melde sidan operasjonane til politiet for kroppsskade med død til fylgje.[5]
2016
endreI januar 2016 sende Sveriges Televisjon Dokument inifrån, ein serie i tre delar der Paolo Macchiarini sitt forskingsprosjekt med transplantasjoner av kunstige luftstrupar vart granska.[6]
På same tid publiserte Vanity Fair ein artikkel der Paolo Macchiarini vart skulda for å ha gitt seg ut for å vera personleg lækjar åt pave Frans, og sa at paven skulle vigsla Macchiarini og NBC-journalisten Benita Alexander trass i at Macchiarini framleis var gift med Emanuela Pecchia.[7]
- 13. februar: Rektor Anders Hamsten kunngjorde avgangen sin. Han kunngjorde òg at KI ville opne ein ny bedragerisak mot Macchiarini.
- 13. februar: Fire professorar frå Nobelforsamlingen på KI tok permisjon frå Nobelkomiteen så lenge Macchiarini blei etterforska.
- 22. februar: Forskningsdekan Hans-Gustaf Ljunggren og viserektor Jan Carlstedt-Duke trekte seg.
- 23. mars: Macchiarini fekk sparken frå Karolinska Institutet.
- 21. april: Den svenske regjeringa erstatta fleire medlemmar i styret til KI.
- 22. april: Fire overlækjarar leverte ei ny melding til KI, der dei skulda Macchiarini for å ha manipulert bilde i ein artikkel.[8]
Referansar
endre- ↑ «Omstridde kirurgen får lämna Karolinska institutet».
- ↑ Expert riktar kritik mot omfattande oredlighet i KI-professors forskning, Läkartidningen 2015-05-20
- ↑ Gästprofessor vid Karolinska Institutet frias från misstanke om forskningsfusk, Karolinska Institutet, nyheter 2015-08-28
- ↑ Ifrågasättande och förvåning efter KI:s beslut, Dagens Medicin 2015-08-31
- ↑ http://www.expressen.se/nyheter/tekniken-skulle-radda-liv--sex-av-atta-dog/
- ↑ "Dokument inifrån: Experimenten" SVT januari 2016
- ↑ Ciralsky, Adam. «The Celebrity Surgeon Who Used Love, Money, and the Pope to Scam an NBC News Producer». Vanity Fair. Henta 30. januar 2016.
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 14. februar 2017, henta 13. februar 2017
- Denne artikkelen bygger på «Paolo Macchiarini» frå Wikipedia på bokmål, den 13. februar 2017.