Pappmasjé (frå fransk papier maché, eigentleg 'tygga papir') er eit formingsmateriale laga av fuktig papirmasse og eit lim- eller fyllstoff. Dette kan pressast og formast til ulike ting og figurar, som leiketøy, masker, pynt og liknande. Etter pressinga gjev ein som oftast ei overflatebehandling til gjenstandane, som måling eller lakk. På 1700-talet byrja ein også å forgylla ulike dekorasjonar av pappmasjé.

Pappmasjé forma rundt ballongar for å laga ein gris.

Kjelder endre

  • «Pappmasjé» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 5. november 2014.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Pappmasjé
  Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.