Paradeniz
36°18′N 34°00′E / 36.300°N 34.000°E
Paradeniz (tyder «halvsjøen») er ein lagune langs kysten av Middelhavet i Tyrkia. Han er ein del av eit lagunesystem som består av fire innsjøar.
Paradeniz ligg i distriktet Silifke i provinsen Mersin, i deltaet til elva Göksu. Han ligg på vestsida av deltaet, sørvest for byen Arkum, nord for neset İncekum og aust for byen Taşucu.
Austsida av innsjøen ligg meir eller mindre parallell til kysten av Middelahvet. I snitt er innsjøen mindre enn 50 meter frå sjøen og i nrodaust er det ein smal kanal ut til sjøen. Saltinnhaldet i lagunen er 19 ‰, som er mindre enn saltinnhaldet i Middelhavet. Lagunen dekkjer kring 4 km² og middeldjupna er kring 1,5 meter.[1]
Økologi
endreParadeniz er i lag med omliggande område eit viktig område for hekkande og overvintrande vassfugl. Ein har tald 302 forskjellige fugleartar kring Paradeniz[2] Det vert òg fiska i Paradeniz. Ved å kontrollere den smale kanalen ut til sjøen, vert fiskane fanga. Mest kjend er Paradeniz for fangsten av blåkrabbe.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Paradeniz» frå Wikipedia på engelsk, den 16. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Göksu
- ↑ Økologi, arkivert frå originalen 31. juli 2012, henta 16. august 2012