Paralytisk skjelforgifting

Paralytisk skjelforgifting (PSP) er ei form for skjelforgifting som gjer at ein kan få ei brennanende kjensle rundt munnen, tunga og i fingrane, kjenna seg svimmel og i nokre høve oppleva muskellamming og problem med å pusta. Ho kjem av at ein et skjel med visse toksin frå algar i seg.[1]

Årsak endre

Skjelartar som blåskjel tek til seg næring ved å filtrera vatn for planktonalgar. Nokre av desse algane kan innehalda toksin, og desse kan byggja seg opp i skjela. Slike toksin kan også samla seg i andre skaldyr som hummer, krabbe og snigel.[1]

Symptom og føljger endre

Skjelforgifting kan medføra diaré, kvalme, oppkast, magesmerter, svimmelheit, forvirring og nerveskadar. I nokre tilfelle hender muskellaming og pustevanskar som kan vera livstruande.[1]

Symptoma kan koma allereie 30 minutt etter at ein har ete giftige muslingar. Første indikator brukar å vere oppkast, kramper og diarré. Stikkingar i halsen, tunga og på leppene kan også finna stad. Deretter følgjer gjerne koordineringsvanskar for kroppen, veike musklar og andevanskar. Oftast treng ein ikkje behandla sjukdomen, for symptoma forsvinn etter 1-4 dagar, men veike musklar kan ein venta seg i fleire veker. Ved høge doser saxitoksin vil det i regelen føre til senkt blodtrykk, hjartekrampe (angina pectoris) og til slutt hjertestans.[2]

Ved 1-10 % av tilfella kan paralytisk skaldyrforgifting føre til dødsfall, og sjansen for dette er størst hjå eldre menneske og dei med nedsett immunforsvar.[3]

Historie endre

Ein har kjend til skaldyrforgifing lenge, men fann først samanhengen med algar på 1920-talet.[1]

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Skjellforgiftning». Smittevernboka. Folkehelseinsituttet. Arkivert frå originalen 22. mai 2012. 
  2. Andrinolo D.; Michea L.; Lagos N. (1999). «Toxic effects, pharmcokinetics and clearance of saxitoxin, a component of paralytic shellfish poison in cat». Toxicon 37 (3): 447–464. 
  3. de Carvalho M.; Jacinto J.; Ramos N. (1998). «Paralytic shellfish poisoning: clinical and electrophysiological observations». Journal of Neurology 245 (8): 551–554.