Angina pectoris
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Angina pectoris (medisinsk term for hjartekrampe) er eit symptom på utilstrekkeleg blodforsyning til hjartemuskulaturen.[1] Ein skil mellom stabil og ustabil angina pectoris, der førstnemnde berre gjev smerter ved fysisk anstrenging, medan sistnemnde òg gjev smerter i kvile. Ustabil angina pectoris er ein alvorleg diagnose som krev akutt handsaming, og berre blodprøver kan skilja denne tilstanden frå eit NSTEMI-hjarteinfarkt, eit hjarteinfarkt utan ST-elevasjon i EKG.
Angina pectoris | |||
| |||
Klassifikasjonar og ressursar | |||
---|---|---|---|
MeSH | D000787 |
Vondt i brystet (hjartekrampar)
endreAngina pectoris tyder enkelt ‘vondt i brystet’. Den medisinske diagnosen baserer seg difor på eit symptom og seier lite om årsaka som ligg til grunn. Det ein vanlegvis forstår med angina pectoris er likevel smerter i brystregionen, som vert skulda mangelfull tilførsel av surstoffhaldig blod til arbeidande hjartemuskulatur. Det typiske er at ein får sentrale brystsmerter ved anstrengingar som fører til auka blodtrykk, og at smertene gjev seg ved kvile.
Stabil angina pectoris
endreStabil angina pectoris er ein tilstand der fysisk anstrenging utløyser smerter i brystet grunna mangel på blodforsyning. Årsaka er som regel eit trongt parti eller ein stenose i ein kransarterie som fører blod til hjartemuskelen, men kan òg forårsakast av andre tilstandar, blant anna blodmangel/anemi. Stabil angina pectoris er ingen akutt medisinsk tilstand, men skal handsamast relativt raskt for å unngå at tilstanden utviklar seg til ustabil angina pectoris eller hjarteinfarkt. Handsaminga er i hovudsak medikamentell, men eit inngrep kan òg vera naudsynt dersom det er fleire tronge kransarteriar.
Ustabil angina pectoris
endreUstabil angina pectoris er ein del av diagnosegruppa akutt koronarsyndrom og kallar ein tilstand der pasienten har brystsmerter grunna mangelfull blodforsyning i kvile. EKG i kvile vil vera unormalt, i motsetnad til ved stabil angina pectoris, der ein må gjera eit belastings-EKG for å kunna påvisa tilstanden. Ustabil angina krev akutt handsaming i sjukehus.
Diagnose
endreI tillegg til symptoma nytter lækjer ulike indirekte metodar for å påvisa nedsett blodtilførsel til hjartet. Den mest brukte, og vanlegaste, er opptak av EKG under fysisk belastning, såkalla arbeids-EKG. Den aller sikraste metoden til å påvisa nedsett blodtilførsel til hjartet er ved røntgenundersøkinga koronar angiografi. Då vert eit kateter ført inn i hovudpulsåra mot opningane til koronarkara som fører blod til hjartemuskelen. I desse åra sprøytar ein kontrastvæske og kan dermed kartleggja eventuelle tilstoppingar eller forsnevringer i åra.
Kirurgisk behandling
endreUnder undersøking med kateter og kontrastvæske kan det setjast inn eit anna kateter med ein ballong på enden med eit tynt røyr utanpå ballongen som kan utvidast når ballongen vert opp blåst. Ei forsnevra koronar blodåre kan med dette utvidast og det leggjast eit utvida metallrør som «foring» i blodåra der det tidlegare varet trong.
Om det er vanskeleg å koma til med kateter, kan det verta naudsynt med operasjon der brystkassa og hjarteposen vert opna, og det vert kopla ein blodåre som ein «omveg» eller «shunt» forbi eitt eller fleire parti med trong blodåre. Ofte vert det brukt vener frå beina til slik omveg.
Behandling
endreI tillegg til inngrep på blodårene som forsyner hjartet, tek den medikamentelle handsaminga av angina pectoris sikte på å letta arbeidet til hjartet slik at behovet for surstoffmetta blod vert redusert. Arbeidet til hjartet vert letta ved å redusera motstand i kretsløpet, dvs. ved å bruka medisinar som senkar blodtrykket og som senkar mengder hjarteslag pr. min. (hjartefrekvensen). Når det gjeld medikamentell handsaming forresten er det viktig å førebyggja ytterlegare påleiring av kransårene ved å senka kolesterolet. Dette kan gjerast med medisinar og/eller ved føremålstenleg diett. Det er òg viktig å hindra blodproppdanning på årer der det er forsnevring på grunn av kolesterolavleiringar. Den viktigaste medisinen i denne samanhengen er acetylsalisylsyre, og den vanlegaste tabletten Albyl-E.
Pasientar med angina pectoris bør skåna seg sjølv for store anstrengingar og pasienten må kjenna si eiga grense. Men det er gunstig å vera fysisk aktiv då dette kan styrkja hjartemuskulaturen generelt og dessutan betre blodforsyninga til hjartet ved alternative hjelpeårer. Slik alternativ blodtilførsel kjem frå naboårer i hjartet og vert på fagspråk kalla kollateralar.
Hjarteinfarkt og angina
endreHjarteinfarkt vert når utvikla ei åre som er trong, lukkar seg til akutt. Årsaka er oftast blodproppdanning. Mange pasientar med hjarteinfarkt har på førehand vore plaga med angina pectoris, men hjarteinfarkt kan òg finnast utan angina pectoris, og ikkje alle med angina pectoris får hjarteinfarkt. I Noreg, som i resten av den vestlege verda, er førekomsten av denne hjartesjukdomen (angina og/eller hjarteinfarkt) uendra og ikkje minkande, men døydelegheiten av denne hjartesjukdomen har avteke betydeleg gjennom 15–20 år.
Medisinsk handsaming: Nitroglyserin er òg brukt som handsaming ved angina pectoris, anten i form av ein tablett som vert lagt under tunga, eller som spray under tunga. Nitroglyserin slappar av muskulaturen i blodåreveggane så hjartemuskelen får meir blod, og blodtrykket søkk så det er lettare å pumpa blodet rundt. Sidan kateterisering og operasjon er vorte langt vanlegare enn før, og det er fleire effektive medikament, er bruk av nitroglyserin betydeleg redusert.
Spesifikke medikament
endreOrganiske nitrat (mitro, glycerolnitrat)
Desse stoffa blir omdanna via mellomtrinn til nitrogenoksid (NO). NO har ein kraftig karutvidande effekt (vasodilaterande), gjennom at det aktiverer det intracellulære signalmolekylet camp, som gjev relaksasjon av muskelen i veggen på blodårene. Karutvidinga kjem først og fremst på dei store venene. Dette reduserer mengda blod som kjem attende til hjartet, og dermed arbeidsbelastninga på hjartet. Denne senkar i sin tur oksygenbehovet. I tillegg utvidar NO dei store koronarkara, slik at sjølve hjartemuskelen får betre tilgjenge på blod.
Betablokkarar
Betablokkarar senkar både kontraksjonskrafta og pulsen til hjartet. Ein seier at dei har høvesvis negativ inotropi og negativ kronotropi. Redusert kraft i kontraksjonen (dvs muskelsammentrekningen som skjer når hjartet pumpar blod ut) reduserer behovet for oksygen. Redusert puls gjer at oppfyllingsfasen av pumpesyklusen varer lenger. I oppfyllingsfasen slappar hjartemuskelen av, og blodårene som går gjennom den kanen verta opp opna og fyllast. Dess lengre denne fasen varer, di meir blod kan strøyma ut til hjartemuskelen. Betablokkarar reduserer i tillegg blodtrykket, noko som òg reduserer belastninga på hjartet.
Kalsiumantagonistar
Har negativ kronotropi og negativ inotropi. Dei bør helst brukast saman med betablokkarar.
Acetylsalisylsyre (aspirin/OS)
OS verkar hemmande på aggregering av blodplater, og senkar dermed faren for blodpropp. Denne faren er ekstra høg i tronge kar, som ein oftast finn ved angina. OS bør difor gjevast til alle anginapasientar for å redusera infarktfaren, med mindre det er tilhøve som gjer det farleg å gje acetylsalicylsyre.
Statin
Akkurat som for OS reduserer desse risikoen for tette blodårer og blodpropp.
Kjelder
endre- ↑ «Angina pectoris», NHI.no (på norsk bokmål), henta 3. november 2021
- Denne artikkelen bygger på «Angina pectoris» frå Wikipedia på bokmål, den 13. juli 2018.