Parameter i krystallografi

Ein parameter i krystallografi syner til fleire ting.

Ein parameter kan syne til dei akselengder og vinklar som definerer ei einingscelle (den minste volumeininga i ein krystallstruktur som ved repetisjon i rommet sine tre retningar dannar eit krystallgitter), òg kalla gitterparameter eller gitterkonstant.

Parameter kan syne til avstanden langs ein krystallakse til det punktet der ei krystallflate skjer aksen; definerer plasseringa av flata i tilhøve til aksekrossen og krystallgitteret (jfr.indices ).

Dei delar (x, y, z) av akselengdene til einingscella som definerer plasseringa av eit atom i tilhøve til eit gitterpunkt.

Kjelder endre