Paranésti
Lokalt namn Παρανέστι

Geografi
Stad Makedonía
Koordinatar 41°16′N 24°30′E / 41.267°N 24.500°E / 41.267; 24.500
Areal 1037,8 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Aust-Makedonía og Thráki
Dráma
Hovudsete Paranésti (629 innb.)
Demografi
Folketal 2 843 (2021[1])
Folketettleik 2,7 /km²

Paranésti (gresk Παρανέστι) er ein landsby og ein kommune i periferieininga Dráma i periferien Aust-Makedonía og Thráki i Hellas.

Paranésti kommune ligg aust for Dráma og strekkjer seg opp i Rodopifjella til grensa mot Bulgaria. I aust grensar kommunen til Xánthi og Kavála.

Administrativ inndeling endre

 
Kart over kommunaleiningane i kommunen Paranésti. ██ 1 - Paranésti ██ 2 - Nikifóros

Frå 2011 omfattar kommunen òg den tidlegare kommunen Nikifóros. Dei to tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

 
Den tidlegare kommunen Paranésti, no kommunaleininga Paranésti

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 2 843 innbyggjarar, medan kommunaleininga Paranésti hadde 994 og tettstaden med same namn 629 innbyggjarar.[1]

Byar og tettstader endre

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Adrianí Nikifóros 1 080 853
Paranésti Paranésti 625 629
Nikifóros Nikifóros 296 220
Plataniá Nikifóros 464 216
Ypsilí Rákhi Nikifóros 215 123

Referansar endre

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.