Metroen i Paris

(Omdirigert frå Parismetroen)

Parismetroen er tunnelbanen i den franske hovudstaden Paris. Banen var opphavleg kjent under namnet Chemin de Fer Métropolitain ('storbyjernbane') og deretter Métropolitain, som raskt vart forkorta til Métro. Parismetroen er den tredje lengste i Vest-Europa, etter undergrunnsbanane i London og Madrid.

Métro de Paris
Opna 19. juli 1900
Drift
Eigar RATP
Sporlengde 214 km
Stasjonar 300
Passasjertal 3,9 mill. dagleg
Vognmateriell

Systemet består av 16 linjer, nummererte frå 1 til 14, med tillegg av to korte linjer kalla «3bis» og «7bis», danna som sidebanar med utspring i linje 3 og 7.

Stasjonen Madeleine på linje 12.
Tog på linje 1.

Tekniske data endre

 
Gummihjul på somme av linjene gjer dei stillegåande.
  • 213 km skjener, meir enn 300 stasjonar
  • høgrekøyring
  • kvar linje har eigne plattformer, sjølv på stasjonar der ein har overgang til andre linjer
  • alle tog stansar ved alle stasjonane på linja
  • sporvidda er 1,435 m (normalspor), akkurat som toga på det franske hovudbanenettet. Derimot er vognene smalare, så metroen kan køyre på hovudbanenettet, men ikkje omvendt
  • elektrisk kraft blir henta frå ei strømskjene. Spenninga er 750 V DC
  • gjennomsnittleg avstand mellom stasjonane er ca. 300 m
  • linje 1, 4, 6, 11 og 14 køyrer på gummihjul
  • linje 14 er førarlaus (heilautomatisk drift)
  • lengda på toga varierer frå linje til linje (3 til 6 vogner er vanleg) avhengig av mengda av passasjerar. Alle tog på same linje har alltid like mange vogner

Ein enkeltbillett gjev reisande så mange overgangar dei vil innan ein to-timarsperiode. Toga går frå ca. fem om morgonen til klokka eitt om natta, heile året.

Metrosystemet vart komplementert med eit nettverk av forstadsbanar RER (Réseau Express Régional), frå 1970-talet.

Linjeoversikt endre

Linjeoversikt for metroen i Paris
Linje Opna Lengde Stasjonar
  La Défense - Grande ArcheChâteau de Vincennes 1900 16,5 km 25
  Porte DauphineNation 1900 12 km 25
  Pont de Levallois - BéconGallieni 1904 12 km 25
  Porte des LilasGambetta 1921 1,3 km 4
  Porte de Clignancourt ↔ Mairie de Montrouge 1908 12,1 km 27
  Bobigny - Pablo PicassoPlace d'Italie 1906 14,5 km 22
  Charles de Gaulle - ÉtoileNation 1900 13,5 km 28
  La Courneuve - 8. mai 1945Mairie d'Ivry/Villejuif - Louis Aragon 1910 22,5 km 38
  Louis BlancPré Saint-Gervais 1911 3 km 8
  BalardCréteil - Préfecture 1913 22 km 37
  Pont de SèvresMairie de Montreuil 1922 20 km 37
  Boulogne Pont de Saint-CloudGare d'Austerlitz 1913 12 km 23
  Mairie des LilasChâtelet 1935 6,5 km 13
  Front Populaire ↔ Mairie d'Issy 1910 15,3 km 29
  Châtillon - MontrougeSaint-Denis - Université/Gabriel Péri Asnières - Gennevilliers 1911 21 km 30
  Saint-LazareOlympiades 1998 9 km 9

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Metroen i Paris