Paritetsbit
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
7 databitar | byte med paritetsbit | |
partalsparitet | oddetalspariet | |
0000000 | 00000000 | 10000000 |
1010001 | 11010001 | 01010001 |
1101001 | 01101001 | 11101001 |
1111111 | 11111111 | 01111111 |
Ein paritetsbit er eit binært tal som indikerer om talet på bitar med verdi 1 i ei gruppe bitar er eit partal eller oddetal. Paritetsbitar er brukt som den enklaste forma for feilfinning.
Det er to typar paritetsbitar: partalsparitetsbit og oddetalsparitetsbit. Ein partalsparitetsbit er sett til 1 dersom talet på einarar i ei gruppe bitar er eit oddetal, slik vert det totalt sett eit partal av einarar medrekna paritetsbiten. Ein oddeparitetsbit er sett til 1 dersom talet på einarar i ei samling bitar er eit partal, slik vert det totalt sett eit oddetal av einarar medrekna paritetsbiten.