Døme på korleis låge naturlege tal
vert skrivne som desimaltal og binærtal
Desimal-
tal
Sum av 2-potensar Binær-
tal
1 0 0 0 1 1
2 0 0 1 0 10
3 0 0 1 1 11
4 0 1 0 0 100
5 0 1 0 1 101
6 0 1 1 0 110
7 0 1 1 1 111
8 1 0 0 0 1000
9 1 0 0 1 1001
10 1 0 1 0 1010

Totalssystemet, også kalla det binære talsystemet (binær av latin binarius: dobbel, todelt) eller det dyadiske talsystemet, er eit talsystem som har talet 2 som grunntal, og berre dei to sifra 0 og 1 blir brukte. Dette talsystemet fungerer i prinsippet på same vis som eit desimalt talsystem (titalsystemet) ved at det same sifferet har ulik verdi alt etter plasseringa av sifferet i eit tal.

I hovudsak nyttar ein totalssystem i samband med elektronisk prosessjobbing i datamaskinar, og forenkla kan ein seie at sifferet 0 står for av og 1 står for når det gjeld elektronisk puls.

Som måleeining på datamengde har ein innan datateknologien nytta det engelske omgrepet bit, som er ei samantrekking for binary digit, altså binært siffer. Bits blir ofte grupperte i byte som er lik 8 bits. Ein bit kan innehalda éi einaste opplysning (0 eller 1); ein byte kan innehalda ulike opplysningar. For å kunne ha til dømes 65 000 fargar på ein dataskjerm, må fargeinformasjonen ha minst bits. Datamengde i kabeloverføring eller radiooverføring reknast ofte i bits (evt. kbit, Mbit osb), medan datamengde på lagringsmedium (til dømes diskett, CD, harddisk) ofte blir rekna i bytes (evt. MB, GB osb).

Koding

endre

Positive binærtal

endre

I desimaltalsystemet er sifferet lengst til høgre 1-plassen ( ), det til venstre er 10-plassen ( ), det neste til venstre er 100-plassen ( ) osb. For binærtala er sifferet lengst til høgre 1-plassen ( ), det til venstre er 2-plassen ( ) og det neste til venstre er 4-plassen ( ) osb.

Negative binærtal

endre

Forteikn og talverdi

endre

Toerkomplement

endre

Ein vits

endre

Det finst berre 10 typar menneske: Dei som forstår det binære talsystemet, og dei som ikkje gjer det.

Sjå også

endre