Parlement var regionale lovgjevande og juridiske organ i Ancien Régime-tida i Frankrike.

Dei politiske institusjonane Parlement i Ancien Régime utvikla seg ut frå tidlegare rådsforsamlingar for kongen, Conseil du roi eller curia regis, og hadde derfor eldgamle og sedvanlege rettar for rådlegging.[1] På 1200-talet vart dei juridiske funksjonane lagt til. Parlamentarikarane meinte at rolla til parlamentet skulle ta ein aktiv del i den juridiske prosessen, som førte dei i stadig større konflikt med det eineveldige monarkiet under Ancien Régime, når lit de justice på 1500-talet utvikla seg frå ein konstitusjonell form til eit kongeleg våpen, nytta til å tvinge fram edikt.[2]

Opphavleg var det berre parlamentet i Paris, som utvikla seg ut frå rådforsamlinga til kongen i 1307, og sat i det mellomalderske kongeslottet i Île de la Cité, der Palais de Justice i Paris er i dag. Domsmakta til parlamentet i Paris dekte heile kongedømet slik det var på 1300-talet, men dekte ikkje automatisk områda som kongane etter kvart vann til seg. I 1443, etter hundreårskrigen, gav kong Karl VII av Frankrike Languedoc sitt eige parlement då han oppretta parlamentet i Toulouse, det første parlement utanfor Paris. Dette dekte det meste av det sørlege Frankrike.

Frå 1443 og fram til den franske revolusjonen vart det oppretta fleire andre parlements i forskjellige provinsar i Frankrike. Fram til slutten av Ancien Régime-styret var det parlement i Douai, Arras, Metz, Nancy, Colmar, Dijon, Besançon, Grenoble, Aix, Perpignan, Toulouse, Pau, Bordeaux, Rennes og Rouen.

Kjelder endre

  1. G. W. Prothero, "The Parliament of Paris", The English Historical Review, 13, No. 50 (April 1898), s. 229-241.
  2. Mack s. Holt, "The King in Parliament: The Problem of the Lit de Justice in Sixteenth-Century France" The Historical Journal 31 (September 1988:507-523).