Hundreårskrigen er namnet moderne historikarar har gjeve til ei rad konflikter eller krigar i seinmellomalderen utkjempa gjennom 116 år. Hovudmotstandarane var England og Frankrike. I tillegg kom Burgund. Dei var på krigsfot meir eller mindre samanhengjande frå 1337 til 1453. Av dette kjem namnet hundreårskrigen. Hundreårskrigen vert i ettertid mellom anna hugsa i samband med soga om ei ung jente frå Orléans, Jeanne d'Arc. Leia av «røyster» ho høyrde, lukkast det henne i 1429 å leia franske styrkar mot Orléans og fri byen frå den engelske omlægringa.

Kart over Europa i 1430-åra, mot slutten av hundreårskrigen
Jeanne d'Arc ved kroninga av Karl VII av Frankrike i Reims. Måleri frå 1854 av Dominique Ingres

Krigen vart stort sett kjempa på fransk jord, og konflikten har nokre gonger vorte rekna meir som ein fransk borgarkrig enn ein internasjonal krig. Historikaren Philippe de Vries har skrive at krigen «meir eller mindre gjekk føre seg på eit provinsielt plan.» Ein annan historikar, Fernand Braudel, siterte de Vries, men la til: «England fungerte som ein provins (eller som ei gruppe av provinsar) innan den Anglo-franske delen» som «både var slagmarka og gevinsten» (Braudel 1984 s. 353)

Krigen var viktig på grunn av ulike faktorar som:

Kong Karl IV av Frankrike fekk ikkje ein arving, og døydde i 1328. Edvard III av England, som hadde arverett til den franske trona, fekk då ein grunn til å starta ein krig. Samstundes kontrollerte den engelske krona store landområde i Gascogne.

Fasar og tidsline endre

  • Ei fase med engelsk suksess under Edvard III frå 1337 til 1360.
  • Ei fase frå 1360 til 1400 der franskmennene hadde framgang og nær sigra over engelskmennene.
  • Ei fase frå 1400 til 1429, markert med store engelske sigrar under Henrik V av England.
  • Ei siste fase frå 1429 til 1453, der Frankrike var alliert med Burgund frå 1435.
    • Under det vaklande styret til Henrik VI av England fall England sin posisjon i Frankrike frå kvarandre. Då stridane endeleg tok slutt i 1453 var berre Calais attende.

Litteratur endre

  • Braudel, Fernand, The Perspective of the World, vol III of Civilization and Capitalism 1984

Bakgrunnsstoff endre