Parodimusikk eller musikalsk parodi er ei endring eller gjenbruk av eksisterande (vanlegvis særs kjende) musikalske idear eller tekstar - eller at ein kopierer ein særeigen stil hos ein komponist eller artist, eller til og med ein generell musikkstil. Sjølv om resultatet kan vere morosamt og dette ofte er føremålet, har uttrykket «parodi» i musikk ei litt anna meining enn det generelle uttrykket. Opphavleg vart uttrykket nytta om seriøs (ikkje humoristisk) gjenbruk av musikk. Parodi i musikk har eksistert like lenge som musikken sjølv har eksistert, men vart på 1900-talet rekna som ein eigen musikk-kategori.

Kjelder endre