Parodi
Parodi (frå gresk parodia, av para- 'attåt, motsett' og ode, 'song') er ei etterlikning som gjer narr av originalen, til dømes gjennom overdriving, oppattaking og absurde nye vriar på gamle framstillingar. Parodiering kan brukast til å latterleggjera eit verk, ein person eller eit tema, på vennleg eller vondskapsfullt vis.

Biletparodi frå bladet Puck på 'Ei hjelpande hand' av Emile Renouf.

'Ei hjelpande hand' av Emile Renouf.
Nokre kjende parodiarEndra
- Batrachomyomachia ('Froske- og musekrigen'), ein gresk antikk parodi på Iliaden.
- 1605-15: Don Quijote av Miguel de Cervantes er ein spansk roman som mellom anna parodierer riddarromanar.
- 1728: The Dunciad av Alexander Pope er ein parodi av klassisk gresk og romersk epikk.
- 1772: Kjærlighet uten strømper av Johan Herman Wessel parodierer franske klassisistiske tragediar.[1]
- 1817: Northanger Abbey av Jane Austen er ein parodi på den samtidige gotiske romanen.
- 1963: «Julekveld i skogen» av av Otto Nielsen og Rolf Just Nilsen er ein parodi på julefeiringssentimentalitet.
Sjå ògEndra
KjelderEndra
- ↑ Kierlighed uden strømper, trondelag-teater.no