Shrapnells membran (av latin pars flaccida membranae tympanicae) er den vesle, triangulære og slappe delen av trommehinna.[1] Den ligg over foldene i trommehinna, plica mallearis, og er festa direkte i pyramidebeinet ved pars tympanica i tinningbeinet. Chorda tympani kryssar dette området langs den indre overflata av trommehinna.

Høgre trommehinne sett gjennom eit spekulum. Shrapnells membran er merka øvst som Pars flaccida.

Den er oppkalla etter den engelske anatomen Henry Jones Shrapnell.[2]

Fleire bilete

endre

Kjelder

endre
  1. Ø. Winther, Finn (13. november 2014). «trommehinne». Store medisinske leksikon. Henta 16. februar 2015. 
  2. Who Named It? Definition of Shrapnell's membrane.


  Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.