Partiet Konservativt
- «Dei Kristne» omdirigerer hit. For folk som vedkjenner seg kristendommen, sjå kristne.
Konservativt, tidlegare Partiet Dei Kristne, er eit norsk politisk parti som vart stifta i 2011 på Bømlo i Hordaland. Konservativt byggjer på eit kristenkonservativt verdigrunnlag.
Konservativt | |
Ideologi | Kristenkonservatisme |
---|---|
Oppretta | 2011 |
Farge | Blå |
Partileiar | Erik Selle |
Ungdomsorganisasjon | Dei Kristnes Ungdom |
Nettstad | www.konservativt.no |
NamnEndra
Opphavleg heitte partiet Dei Kristne. I 2015 endra det namn til Partiet Dei Kristne.[1] I 2022 endra det namnet att til Konservativt.[2]
HistorieEndra
Partiet vart stifta som ein reaksjon på at Kristeleg Folkeparti, ifølgje initiativtakarane, hadde gradvis fjerna seg frå dei tradisjonelle kristne verdiane. Den utløysande faktoren var at sentrale krefter i KrF ønskte å fjerne «bekjennelsesparagrafen» for tillitsvalde.
Partiet ville løfte fram det livslange, monogame ekteskapet mellom éin mann og éi kvinne som norm og ideal.[3] Partiet gav heilhjarta støtte til staten Israel. Retten til liv frå fræving til naturleg død er også ein av hjartesakene til partiet.
Partileiar frå 2013 er Erik Selle. Partiet fekk i 2015 eigen ungdomsorganisasjon, Dei Kristnes Ungdom. Leiaren er Olympia Ahenkorah frå Oslo.
Ved stortingsvalet i 2013 røysta omkring 17 700 veljarar på partiet (0,6 prosent). Størst var oppslutnaden i Vest-Agder (2,0 prosent). Ved kommunestyrevalet i 2015 stilte partiet liste i 70 kommunar. Ved stortingsvalet i 2017 stilte partiet liste i alle fylka og fekk omkring 8700 røyster (0,3 prosent).[1]
KjelderEndra
- ↑ 1,0 1,1 Garvik, Olav (15. september 2021). «Partiet De Kristne». Store norske leksikon (på norsk bokmål).
- ↑ Redaksjonen (5. november 2022), «Partiet De Kristne bytter navn til konservativt», Partiet De Kristne (på norsk bokmål), henta 6. november 2022
- ↑ Bergen, Anne-Margrethe Lorentzen, 1 kandidat Partiet De Kristne (14. september 2015), «Ekteskap og familie», Dagen (på norsk bokmål), henta 6. november 2022