Opna hovudmenyen
Partizan-spelarane som 11. mai 1966 spela finale i Europacupen, mot Real Madrid

Fudbalski klub Partizan Beograd, til dagleg einast Partizan, er ein fotballklubb i Beograd i Serbia. Klubben, som utgjer største avdelinga av Partizan Sportsforeining, vart skipa i 1945. Partizan spelar i toppdivisjonen i Serbia, og har all si tid spela i den øvste divisjonen i tidlegare Jugoslavia og seinare i Serbia. Fotballklubben har vunne 24 seriemeisterskap og tolv nasjonale cupmeisterskap, berre byrivalen Raude Stjerne har sikra seg fleire nasjonale trofe.

Partizan har sidan 1949 spela heimekampane på Stadion Partizana i Beograd, med plass til 32 710 tilskodarar. Partizan var mellom dei klubbane som hausten 1955 deltok i den aller fyrste klubbturneringa for europeiske fotballag; Europacupen for serievinnarar. I 1966 nådde Partizan Beograd finalen i nettopp Europacupen, som den aller fyrste klubben frå Aust-Europa. Real Madrid vann finalekampen i Brussel med 2-1.

KjelderEndra