Pascal Behrenbruch

Pascal Behrenbruch (fødd 19. januar 1985) er ein tysk tidlegare mangekjempar frå  Offenbach am Main. Han vart i 2012 europameister i tikamp.

Pascal Behrenbruch


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 19. januar 1985 (39 år)
Offenbach am Main
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2012

Behrenbruch forbetra sin personlege rekord med 10 poeng og kom på femteplass i tikampen i EM i friidrett 2006 med 8 209 poeng. I 2007 forbetra han seg til 8 239 då han vart han nummer 2 i U23-EM i Debrecen. Under meistermøtet i Götzis 31. mai 2009 vart han tredjemann med 8 374 poeng. Ved verdsmeisterskapen 2009 i Berlin auka han sitt personbeste til 8 439 poeng og vart nummer 6. I det neste VM i friidrett, i Doha i 2011, enda Behrenbruch på sjuandeplassen i tikampen.

Høgdepunktet for Behrenbruch då han i EM i friidrett 2012 i Helsinki presterte livsbeste 8 558 poeng og vann gullmedaljen, 237 fleire poeng meir enn sølvmedaljør Oleksij Kasjanov. Under Sommar-OL i London same sommaren måtte han med 8 126 poeng nøye seg med ein tiandeplass. Året etter vart han nummer 11 i Moskva-VM med 8 316 poeng. Sidan makta han ikkje nå sitt toppnivå i mangekampane.

Kjelder

endre