Pasientfokus
norsk politisk parti
Pasientfokus er eit norsk politisk parti. Det stilte liste i Finnmark til stortingsvalet 2021 og fekk 0,2 % oppslutning nasjonalt og 13,1 % i Finnmark. Resultatet førte til at partileiaren Irene Ojala blei vald inn på Stortinget.
Pasientfokus | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Irene Ojala | ||
Grunnlagt | april 2021 | ||
Hovudkvarter | Alta | ||
Ideologi | enkeltsaksparti, regionalisme | ||
Politisk posisjon | sentrisme | ||
Slagord | «For flokken i Alta, Kautokeino og distriktene» | ||
Stortings- representantar | 1 / 169
|
Den høgst prioriterte saka til partiet er nytt akuttsjukehus i Alta.[1]
Partiet starta i 2017 som ein organisasjon under namnet «Postkortaksjonen» til støtte for betre helsetilbod i Alta og Kautokeino.[2] I 2020 blei aksjonen ført vidare med stiftelsen «Alta Sykehus med Pasientfokus» og ein grunnkapital på 100 000 kr.[3]
Kjelder
endre- ↑ Horn, Knut-Sverre (10. september 2021), «Meningsmåling: Pasientfokus fra Finnmark kan havne på vippen i Stortinget», NRK (på norsk bokmål), henta 14. august 2023
- ↑ «Opprøret mot pengekjøret i helsevesenet har nå fått sin egen organisasjon: – Penger er både mål og middel». Fagbladet. 9. oktober 2020.
- ↑ «Sykehusstiftelse på plass». Altaposten. 11. desember 2020. Henta 28. september 2021.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad Denne politikkartikkelen som har med Finnmark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.